Bybok for Stavanger

Del på Facebook
Med dei tidlegare kommunane Hetland og Madla

I 1965 blei kommunane ­Hetland og Madla slått saman og fordelt mellom Stavanger og Sandnes. I dei to kommunane var det ikkje skrive bøker om gardar og slekter før dette skjedde.
I Stavanger har fleire av dei lokale historielaga arbeidd med dette seinare.

STEN RISVOLL
[email protected]

I eit samarbeid mellom Rogaland Historielag, lokalhistorielaga i Stavanger, Universitetet i Stavanger og Stavanger kommunen har det i perioden 2022 – 2024 blitt gjennomført eit pilotprosjekt, «Stor- Ullandhaug», for å fylle ut noko av den manglande historia for området. Dette blir avslutta i år og vil bli lagt fram til by-jubileet i 2025.

Rekna frå aust mot vest har prosjektet arbeidd med følgande tidlegare gardar: gnr. 23. Storhaug, gnr. 22 Hillevåg, gnr. 21 Bispeladegården  gnr. 24 Ullandhaug, gnr. 25 Øvre Tjensvoll, gnr. 26 Nedre Tjensvoll og i tillegg gnr. 18 Auklend som låg søraust for Ullandhaug. For spesielt Tjensvoll har det fram til nå vore lite skrifteleg historisk tilgjengeleg materiale om området. Arbeidet er nå ført fram til 1800-talet.

Folkeforskningsprosjekt

Planen er å halde fram arbeidet som eit Folkeforskingsprosjekt. Prosjektet er utvida til å omfatte heile Stavanger kommune fram til kommunesamanslåinga i 2020 og inkluderer Riska og Hommersåk frå gamle Hetland kommune som nå er Riska bydel  Sandnes.

Finnøy og Rennesøy er ikkje inkludert av di dei har eigne, trykte bygdebøker.

Alle kan legge inn informasjon

Tidlegare og nåverande innbyggarar og andre med kjennskap til området er inviterte til å legge inn sine informasjonar om eigedommar, gateadresser, gardar, hus og busetjing som dei kjenner til. Målet er å få ei oppdatert digital bok så nært opp til vår eiga tid som ein kan få ho.

Prosjektet samarbeider med Nasjonalbiblioteket (Nb) og Norsk lokal­historisk institutt (NLI). Det er avtalt å bruke deira digitale plattform Lokalhistoriewiki. Det blir her lagt til rette for at personar som har informasjon om området, kan legge inn dette der. Prosjektet har førebels ei tidsramme fram til 2028.

Hvordan kan du bidra?

Du finner prosjektet på Stavanger kommune sine heimesider, skriv «Lokalhistoriedugnad» i søkefeltet. Det kjem då opp ei side der ein kan velgje: «Bli med på lokalhistoriedugnad».

Denne sida inneheld det meste av informasjonen om prosjektet, mellom anna linkar til alle dei lokale historielaga i Stavanger. Velg så «Bygdebok for Hetland og Madla. Då kjem du inn på nettsida til Lokalhistoriewiki og er på rett plass.

Kontaktinformasjon

Leiar i fellesrådet for historielag i Stavanger, Ivar Andersen, tlf. 913 92 462, e-post: [email protected]

Professor Nils Olav Østrem, tlf. 932 35 371, e-post: [email protected]